Norsk Storbiltreff 2024
Norsk Storbiltreff 2024
går av stabelen 23.-24. august 2024 i Breim, Gloppen Kommune. Vi planlegg å fylle helga med utstillingar, leverandørar, konkuransar, underhaldning, premiering i fleire klassar og god stemning! Foreininga Norsk Storbiltreff har som formål å skipe arrangement retta mot storbilmiljøet og skal som eit ideell foretak jobbe for å auke interesse og rekruttering til storbil. Midlar foreininga opparbeider seg skal gå til formålet og /eller til andre ideelle formål.
VETERANBIL
Det blir eit eige område og opplegg for veteranbilar, med stort fokus på restaurerte prosjekt. Dette er noko som vi synes er veldig spennande og har lyst å framheve ekstra på vårt treff. Det blir premiering i forskjellige klassar/tidsepokar. Vi har eiga klasse for eigeninnsats i restaureringsarbeidet.
ALLE ER VELKOMEN
Det sosiale og den gode stemninga er essensen på vårt treff. Her skal alle føle seg velkomen, enten du kjem med 2024mod eller 1980mod, og vi skal ha noko for ein kvar smak!
Laurdagskvelden:
Vi varmer opp kvelden med Jens P. Dyrdal. Med eit breitt repertoar reiser Jens Petter rundt og spelar kjende og kjære låtar som publikum garantert kjenner igjen! Av artistar kan nemnast – Dance With a Stranger, Alan Jackson, Creedence, Vassendgutane og mange fleire. Med eit solid komp i ryggen spelar Jens P. kassegitar og syng. I tillegg til å presentere musikken med dansekomp gjør han også blandingskvelder med kun kassegitar og sang. Han er kjend for å levere god stemning og dansetakt der han opptrer! Når Jens Petter ikke er ute og skaper stemning alene med gitaren, reiser han rundt som vokalist og låtskriver i countryrockbandet Kruttrøyk.
Jävlar på Kärlek og Kokken Tor, to av Norges desidert mest populære band til å presentere sine tributer til svenske hits og norsk rock har smelt sammen sine konsepter og byr på en energibombe av en LANDSKAMP! Det blir show og konsert! Det blir galskap og tenna i tapeten! Det blir Norge mot Sverige! Det blir hit mot hit med to band på scena samtidig! Det blir Splitter pine, det blir The final countdown, det blir Levva livet, det blir Sommartider, det blir ELLEVILLT! Det blir en festaften til kokepunktet, før publikum har sunget seg hese og går ut i natta og nynner på «Vil du værra med mæ hjæm i natt» eller «Vart skal vi sova i natt»... Konsertoppsettet for kvelden vil by på tre konserter hvor publikum får oppleve Jävlar på Kärlek og Kokken Tor hver for seg, før det eskalerer i full LANDSKAMP!
Restriksjoner
Frå kl.18:00 laurdag er det 18 års aldersgrense på skjenkeområdet.
Ansvarsfraskrivelse
Norsk Storbiltreff kan ikkje lastast for force majeure. Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Unntaket er om vi må avlyse eller redusere grunna Covid, eller andre ting, billettane blir då refunderte eller overførte til 2025.