Norsk Storbiltreff 2025

Norsk Storbiltreff 2025
går av stabelen 22.-24. august 2025 i Breim, Gloppen Kommune. Vi planlegg å fylle helga med utstillingar, leverandørar, konkuransar, underhaldning, premiering i fleire klassar og god stemning! Foreininga Norsk Storbiltreff har som formål å skipe arrangement retta mot storbilmiljøet og skal som eit ideell foretak jobbe for å auke interesse og rekruttering til storbil. Midlar foreininga opparbeider seg skal gå til formålet og /eller til andre ideelle formål.
VETERANBIL
Det blir eit eige område og opplegg for veteranbilar, med stort fokus på restaurerte prosjekt. Dette er noko som vi synes er veldig spennande og har lyst å framheve ekstra på vårt treff. Det blir premiering i forskjellige klassar/tidsepokar. Vi har eiga klasse for eigeninnsats i restaureringsarbeidet.
ALLE ER VELKOMEN
Det sosiale og den gode stemninga er essensen på vårt treff. Her skal alle føle seg velkomen, enten du kjem med 2025mod eller 1980mod, og vi skal ha noko for ein kvar smak!
Laurdagskvelden:
Det blir levande musikk på Kolbein Scene frå klokka 20:00 til klokka 01:00, sånn omtrent
Restriktioner
Frå kl.18:00 laurdag er det 18 års aldersgrense på skjenkeområdet.
Ansvarsfriskrivning
Norsk Storbiltreff kan ikkje lastast for force majeure. Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Unntaket er om vi må avlyse eller redusere grunna Covid, eller andre ting, billettane blir då refunderte eller overførte til 2026.